Idrettslaget Alvidra frå Alversund blei skipa i 1931

Første formann i laget var Øyvind Tvedt, og ein dreiv hovudsakleg med ymse aktivitetar for friidrett om sommaren og skirenn om vinteren.

Etter krigen var det liten aktivitet i laget, men i 1965 vart Alvidra starta opp på nytt. Då vart Ivar Os vald til formann i laget. Etterkvart tok ein til med friidrett, volleyball og turn. Fotballgruppa vart starta i 1970.

Sidan 1980 har Alvidra hatt eige medlemsblad, Alvidrabladet. Dette er eit blad som blir delt ut til alle husstander med postnr. Alversund, og er med å gjera idrettslaget sine aktivitetar og tilbod kjend i bygda.

I 1990 gjorde laget framstøt ovanfor kommunen om å få eit eige møterom på Alversund skule, og dette fungerar i dag som møteplass for alle dei ulike gruppene i laget.

Idrettslaget Alvidra har tre æresmedlemmer, Ivar Os, Hanna Sundal og Hans Egil Storheim.

Friidrettsaktiviteten i Alvidra blei i 1977 slått saman med idrettslaga Knarvik og Seim under namnet AKS-77. I desember 1979 blei fotballgruppene i Alvidra og Seim slått saman under namnet Nordhordland Ballklubb, og seinere blei som kjend også Knarvik med i NBK-samarbeidet.

Tekst og bilder er hentet fra boken "NBK gjennom 25 år, Historien om Nordhordland Ballklubb" Skrevet av Arne Årseth.