Heidersteikn

REGLAR  FOR  I.L. ALVIDRA SITT HEIDERSTEIKN OG TILDELING AV DETTE

A. HEIDERSTEIKNET

  1. I.L. ALVIDRA sitt Heidersteikn er laget si høgaste utmerking.

  2. Heidersteiknet kan tildelast medlemer av I.L. ALVIDRA som har minst 10 års medlemskap.


B. HEIDERSTEIKNUTVALET

  1. Styret i I.L. Alvidra oppnemner eit heidersteiknutval og formann i dette på 3 medlemer. Så langt muleg skal utvalet vera samansett av medlemer som tidlegare er tildelt Heidersteiknet.  Oppnemninga gjeld for 2 år.

  2. Heidersteiknutvalet skal vurdera dei framlegg til tildeling som vert gjort av medlemer i laget. Utvalet skal leggja fram ei prioritert liste over kandidatar for styret seinast 14 dagar før årsmøte dato.

  3. Utvalet si innstilling må godkjennast i styret med minst 2/3 fleirtal.

  4. Utvalet kan gjera innstilling om at Heidersteiknet ikkje vert utdelt.

  5. Utvalet kan sjølv koma med framlegg på kandidatar.

  6. Heidersteiknet skal ikkje tildelast fleire enn 2 medlemer i kvart kalenderår.

  7. Utvalet skal gje alle innsende framlegg lik handsaming, men står heilt fritt til å forkasta framlegg. Alle innsende framlegg skal likevel meldast skriftleg til styret.


C. FRAMLEGG OM TILDELING

  1. Hovudstyret. gruppestyre, utval i laget og elles alle med1emer i laget kan koma med framlegg til heidersteikn komitéen. Alle framlegg skal verd skriftlege.


D. TILDELING

  1. Det er styret i I.L.ALVIDRA som tildeler Heidersteiknet.

  2. Tildelinga går føre seg ved eit høve som styret finn tenleg.


E. REGLAR FOR TILDELING

        Heidersteiknet kan tildelast medlemer

  1. som har gjort framifrå godt administrativt arbeid i laget,

  2. som har framheva seg i ein eller fleire av dei aktivitetane laget driv.

  3. Som har synt særleg interesse for og gjort innsats for trivsel, mi1jø og vekst i laget,

  4. som har representert laget i utval eller hatt tillitsverv i dei organisasjonar laget er tilslutta,

  5. som har delteke på representasjonslag, t.d. kretslag, landslag, m. v.,

  6. som gjennom ei årrekkje har vore aktiv og hevda seg over gjennomsnittet. Dei medlemene som heidersteikn utvalet gjer framlegg om ovafor styret, må ha synt innsats for laget og dei sportslege ideala laget fremjar på eit i alle delar verdig og representativ vis.


F. ENDRING I REGLAR

        Endring i ovanståande reglar kan berre gjerast av årsmøtet.