Gå til fremside
Gå til hovedside Fotball Volleyball Orientering Innebandy Idrettskulen Skigruppa Ungdomsgruppa Turn
  Hovedside
  Siste nytt
  Treningstider
  Historikk
  Hovedstyret
  Vedtekter nye
  NBK avtale
  Hedersteikn reglar
  Kontingent info
  Medlemsfordeler
  Politiattester
Aktivitetskalender
Mailingliste
Kontakt oss

 

IL Alvidra


Idrettslaget Alvidra frå Alversund blei skipa i 1931.

Første formann i laget var Øyvind Tvedt, og ein dreiv hovudsakleg med ymse aktivitetar for friidrett om sommaren og skirenn om vinteren.

Etter krigen var det liten aktivitet i laget, men i 1965 vart Alvidra starta opp på nytt. Då vart Ivar Os vald til formann i laget. Etterkvart tok ein til med friidrett, volleyball og turn. Fotballgruppa vart starta i 1970.



Smågutar 1978  Smågutar cup 1978
Alvidra sine smågutespelarar under ei cup-turnering på grusbana i Knarvik i 1978.


Sidan 1980 har Alvidra hatt eige medlemsblad, Alvidrabladet. Dette er eit blad som blir delt ut til alle husstander med postnr. Alversund, og er med å gjera idrettslaget sine aktivitetar og tilbod kjend i bygda.

I 1990 gjorde laget framstøt ovanfor kommunen om å få eit eige møterom på Alversund skule, og dette fungerar i dag som møteplass for alle dei ulike gruppene i laget.

Idrettslaget Alvidra har tre æresmedlemmer, Ivar Os, Hanna Sundal og Hans Egil Storheim.

Friidrettsaktiviteten i Alvidra blei i 1977 slått saman med idrettslaga Knarvik og Seim under namnet AKS-77. I desember 1979 blei fotballgruppene i Alvidra og Seim slått saman under namnet Nordhordland Ballklubb, og seinere blei som kjend også Knarvik med i NBK-samarbeidet.

Tekst og bilder er hentet fra boken "NBK gjennom 25 år, Historien om Nordhordland Ballklubb" Skrevet av Arne Årseth.