Gå til fremside
Gå til hovedside Fotball Volleyball Orientering Innebandy Idrettskulen Skigruppa Ungdomsgruppa Turn
  Hovedside
  Siste nytt
  Treningstider
  Historikk
  Hovedstyret
  Vedtekter nye
  NBK avtale
  Hedersteikn reglar
  Kontingent info
  Medlemsfordeler
  Politiattester
Aktivitetskalender
Mailingliste
Kontakt oss

 

Alvidradamer i Montecatini i Italia på Golden Age Festival.

Ein gymnastikkfestival for personar over 50 år.

 

10 damer frå Alvidra deltok på den norske troppen med 70 deltakarar.

Vellukka gymnastikkfestival i Montecatini, ein liten by i Toscana midt mellom Pisa og Firenze.

1800 utøvarar frå 19 land sette sitt preg på bybilete i dagane 30. september til 5. oktober. Der var oppvisningar på tre stader i byen, slik at byens lokalbefolkning og turistar fekk oppleva oppvisningane og masse flott musikk. Den første dagen måtte den norske oppvisningen saman med ein del fleire, flyttast innandørs grunna regnver.

Fantastisk å oppleva troppar frå mange europeiske land + ein gjestetropp frå Japan. Få sjå korleis ein slik felles aktivitet kan drivast med opp i høg alder, fantastisk bevegelsesglede og stor entusiasme. Ein stor islandsk tropp med damer og menn hadde ein flott danseoppvisning med blanding av seniordans og linedans. Damene var nok i fleirtal, men mange land hadde stort innslag av menn med i troppane – m.a. Finnland, Nederland og Slovakia .

 

Vi hadde fleire dagar til fri bruk og reiste på dagstur til kysten -  Vi fekk med oss  The " Cinque Terre " - Desse 5 byane som klorer seg fast i klippene med hus malte i mange fargar. Vi kunne ikkje vandra mellom dei grunna ras 14 dagar før vi kom. Vi nytta buss, båt og jernbane. Dette området er omgjort til nasjonalpark og kome på verdsarvlista til Unesco. Vi brukte og ein dag i byen Lucca som vi tok toget til.  Ein tur til topps til gamlebyen i Montecatini fekk vi og med. Ei lita "Fløybane" som likna på toget i Kardemommeby, frakta oss opp til toppen.

Ei fantastisk veke i nord Italia der vi og fekk prøva Yoga, Salsa og Tai chi.

Trass nokre dagar med regnbyger var temperatruren godt over 20, men bassenget ved hotellet var god avkjøling.

Neste Golden Age skal arrangerast om 2 år i Toulusse i Frankrike.

Dei 10 Alvidra damene framfor ein av dei mange Termene. Dei fleste prøvde ei spa-behandling.  Den norske oppvisningen gjekk føre seg framfor dette gedigne romerske byggverket.

 

Hanna Sundal.

 

 

 

 


 
  voksne
Hovedside
Golden age Festival