![]() |
![]() |
![]() |
|
Tilskudd til stier til peprane Av Idrettslaget Alvidra
, 18.09.17 Stien som er opprusta av Hans Egil Storheim, går mellom Fjellsendevegen og Soltveit, pluss at stien vidare nordover er forbetra. Totale utlegg for opprustinga enda på kring 7000 kroner. Det meste av opprustinga er gjort på den såkalla Gamle Fjellsendevegen. Der er det fyllt på med pukk og singel, samt lagt ut både klopper og flate steinar i myrpartia. Dermed er det no langt lettare å ta seg ein rundtur frå Soltveit, via nye Fjellsendevegen og tilbake på den nyopprusta stien. Dei som vil forlenga turen, kan gå vidare nordover til Peprane og Grønfjellet, der det er bok på Søre Peparen og Grønfjellet. Både ved Fjellsendevegen og nord for Soltveit har det no kome opp informasjon og kart som viser fleire av dei mest aktuelle turalternativa. Den gamle bygdevegen Soltveit-Haukeland går som ein slags hovudveg nord/sør. Det vert også jobba med å skaffa tilskot til opprusting av ein tursti frå Fjellsende og nordover på austsida av Hestefjellet/Vetåsveten. Deler av denne stien vart øydelagt ved uttak av tømmer. IL Alvidra Takker Hans Egil Storheim for en fantastisk innsats.
|
|